Her kan du registrera deg til dugnad under Voss Cup 2023 som finn stad 16.-18.juni.
For å best mogleg fordele vakter og kommunisere ut informasjon knytt til dugnad og vakter treng me informasjon om deg og kva du ynskjer å bidra med i det tidsrommet Voss Cup dugnaden er.
Mange er erfarne dugnadsfolk og har bidrege i mange år - andre er nye og har ikkje like mykje erfaring, uansett kva kategori du høyrer til så sett me pris på om du kikkar på skildringane av dugnadsvaktene før du gjer eit val. Me har gjort eit par endringar i frå tidlegare år som kan vera greit å få med seg før ein vel vakt. Les meir om dei ulike dugnadsvaktene her: https://vosscup.no/frivillig/informasjon-om-dei-ulike-dugnadsvaktene/
Har du lyst å ta på deg andre oppgåver en det som ligg i prioriteringslista, ver gild og ta kontakt med oss på vosscup@fbkvoss.no . Me treng personar som tek litt meir ansvar på visse avdelingar. Dette vil du etterkvart kunne lese meir om her: https://vosscup.no/frivillig/avdelingsleiarar/
Me ynskjer 3 prioriterte valg, samt at du kryssar av for kva dagar du kan stilla på dugnad. Ver obs på at det er kommentarfelt til dagane - bruk dette om det er klokkeslett som passar/ikkje passar eller det er dagar du absolutt ikkje kan.
Har du lyst å ta på deg meir enn ei enkeltvakt, kan du legge att ein kommentar i skjemaet, eller ta kontakt med oss.
Ein tek så godt det let seg gjere omsyn til ynskja ein har, men kan diverre ikkje love at alle får den vakta dei vil ha.
Vaktliste vert sendt ut på e-post til alle som har registrert seg 1.mai 2023!
Skjema stenger for registrering