Akkreditering for presse/media/gjest/ledsager

Akkreditering for media/presse

Presse som omsøkjer - og får innvilga - akkreditering må pårekne krav om å kunne dokumentere dekning frå festivalen i etterkant. Vi ber om at planer for dekninga i best mogleg grad blir beskrive i kommentarfeltet i slutten av søknaden (kort). Akkreditert presse får tilgang til festivalens presserom, med straum og trådlaust internett. Køyreløyve blir kun gjeve ved særskilt behov. Opplys om dette i søknaden. Ellers kan pressa nytte festivalbussane tur/retur Tyin-Eidsbugarden. 

Fotoakkreditering må omsøkjast særskilt. Merk av for dette i søknaden. Vi gjer merksam på at det kun er høve til å ta bilete frå pit framfor scena under dei tre fyrste låtane i kvar konsert. Film- og lydopptak av konsertar er ikkje tillate utan særskilt løyve frå den aktuelle artisten. Ynskjer ein intervju med artistar/foredragshalderar m.m. må det meldast i frå i god tid. Skriv gjerne dette i akkrediteringssøknaden. Vel "Presse" under kategori. 

Ta kontakt med åtgaumssjef Sigrid Skjerdal på e-post sigrid@vinjerock.no ved ytterlegare spørsmål. For intervju/kommentarar angåande festivalen kontakt festivalsjef Julie Forchhammer på e-post julie@vinjerock.no.

Akkreditering for ledsagerar

Har du bruk for ledsager på festivalen må personen akkrediterast. Armband henter de ut på festivalen, og både personen med ledsagerbehovet og ledsager må syne frem legitimasjon og ledsagerbevis ved henting av akkreditering. Vel "Ledsager" under kategori. 

Akkreditering for bransje

Bransjefolk kan også søke om akkreditering til Vinjerock. Med bransje meiner vi aktørar innanfor musikkproduksjon, booking, festivalar og andre store arrangement. Når du søkjer, vel du "gjest" under kategori. 

Vi gjer merksam på at kapasiteten er svært avgrensa, og at vi difor atterheld oss retten til å avslå akkrediteringssøknader utan nærmare grunngjeving.


Skjema stenger for registrering

Personinformasjon

+