Meld deg som frivillig!
Har du lyst til å vere ein del av dette fantastiske arrangementet? Vi treng deg! Frivillige er hjartet i festivalen, og deltakinga di vil vere uvurderleg for å skapa ei uforgløymeleg oppleving for alle deltakarar og besøkjande. Meld deg som frivillig og bli ein del av vårt engasjerte team!

Alle kan hjelpe til med noko, vi treng hjelp med både små og store oppgåver. Dette kan vere matlaging, servering, rydding, vakthald, rigging av scene, følge utøvarar til og frå scena, hjelpe til med å rigge campingplassar, lage aktivitetar for born og unge, og mykje meir. 

Meld deg på for å vere med på ein sosial og morosam dugnad!

Registrer deg i skjemaet under og få innhaldsrike og minnerike dagar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal! 

Kontakt:
Frivilligansvarleg
Annebjørg Smeby Sæther
E-post: annebjorg@landsfestivalen.no