Dugnadsskjema Voss Cup 2024

Her kan du registrera deg til dugnad under Voss Cup 14.-16.juni 2024. 

For å fordela vakter på best mogleg måte og kommunisera ut informasjon knytt til dugnaden, treng me informasjon om deg og kva du ynskjer å bidra med under Voss Cup. 

Me ynskjer at du legg inn 3 prioriterte val, samt at du kryssar av for kva dagar du kan stilla på dugnad. Bruk kommentarfeltet dersom det er noko meir me skal ta omsyn til.

Les meir om dei ulike dugnadsvaktene her: https://vosscup.no/frivillig/informasjon-om-dei-ulike-dugnadsvaktene/ 

Har du kapasitet til å ta på deg fleire vakter eller andre og større oppgåver enn det som ligg i prioriteringslista, ver gild og ta kontakt med oss på vosscup@fbkvoss.no, eller legg igjen ein kommentar i skjemaet.

Dersom du ikkje kan jobba dugnad denne helga, ynskjer me likevel at du registrerer dette i skjemaet. Saman finn me ei oppgåva du kan gjera før eller etter cupen.

Det er ein stor kabal som skal gå opp, men me prøver så godt det lar seg gjera å etterkoma alle ynskjer.

Vaktlister vert sendt ut 1.mai 2024. 

Tusen takk for at du melder deg til dugnad!

Personinformasjon

+